IT-kartlegging
Vit kva de har, kva de betaler for, og kven som har ansvaret.
Kva de får
- Register over sentrale IT-system, infrastruktur og tenester – med funksjon, eigar og leverandør
- Oversikt over IT-avtalar: omfang, pris, varigheit, oppseiingsfristar og ansvar
- Skildring av ansvarsdelinga mellom dykk og leverandørane
- Liste over manglande dokumentasjon og spørsmål leiinga bør avklare
- Gjennomgangsmøte med leiinga og forslag til neste steg
Slik går det føre seg
- 1
Oppstartsmøte
vi avgrensar kva som skal vere med
- 2
Innhenting
de deler dokumentasjon gjennom ein trygg kanal; vi bed aldri om passord på e-post
- 3
Samtalar
med intern ansvarleg og driftsleverandør
- 4
Rapport
register og samandrag, kontrollert mot fakta hos dykk
- 5
Gjennomgang
vi går gjennom funna saman
Kva som ikkje er med
Penetrasjonstesting, gjenopprettingstest, juridisk avtalevurdering og endringar i produksjonsmiljøet er ikkje med. Strategi og gjennomføring av tiltak kan avtalast som eigne leveransar.
Spørsmål og svar
Kor lang tid tek det?
Minst 3 arbeidsdagar, og normalt 3–10, fordelt over nokre veker, avhengig av storleik og kor godt ting er dokumentert.
Må vi byte driftsleverandør?
Nei. Kartlegginga handlar om oversikt. Mange held fram med same leverandøren – berre med betre oppfølging.
Kva treng de frå oss?
Ein kontaktperson, tilgang til avtalar og fakturaer, og litt tid til samtalar. Vi sender ei liste før oppstart.
Kva med produksjonsutstyret?
Koplingar mellom IT og produksjonssystem kan vere med i kartlegginga. Tilgang blir avklart på førehand.
Blir vi bundne til noko meir?
Nei. Kartlegginga er ei avslutta leveranse. Neste steg skjer berre om de ønskjer det.
Klar for å få oversikt?
Fortel kort om verksemda, så finn vi eit tidspunkt for ein prat.
Ta ein prat om kartlegging